Utsolgt

Food & Fjord, 6. august

Kvar torsdag i august inviterer MS Langfoss deg om bord på eit tre timar langt kulinarisk fjordcruise i Åkrafjorden – autentisk lokal mat, eit vikingmåltid over open eld og det aller beste av fjordlandskapet og -kulturen. Avgang frå Fjæra brygge kl. 19:00, retur ca. 22:00.

Vekkjer sansane

Bli med ombord på MS Langfoss og opplev Åkrafjorden frå si aller beste side. Food & Fjord er eit tre timar langt kulinarisk fjordcruise der spektakulær natur, lokale mattradisjonar og gode historier møtest.

Gjennom kvelden får du smake autentiske råvarer frå regionen, nyte eit måltid laga over open eld og oppleve den mektige Langfossen på nært hald. Undervegs deler me historier om fjorden, folket og tradisjonane som har forma området gjennom generasjonar.

Menyen er utvikla i samarbeid med Skakke Røykeri og byr på lokale spesialitetar med moderne vriar. Du kan òg velje ei nøye samansett drikkepakke med sider frå prisvinnande produsentar i Hardanger, eller ei alkoholfri drikkepakke med like gode smakar.

Dette er ei oppleving for deg som set pris på god mat, vakker natur og ekte vestlandsk kultur.

Praktisk informasjon

  • Dato: 6. august
  • Avgang: Fjæra bryggje kl. 19.00
  • Retur: om lag kl. 22.00
  • Pris: kr 1 890 per person
  • Drikkepakke:
    • Med alkohol: kr 590
    • Alkoholfri: kr 290

Har du allergiar, spesielle omsyn eller ønskjer å sitje saman med nokon? Legg inn informasjon i kommentarfeltet ved bestilling. Me har bord for 4, 6 og 8 personar.

Utsolgt

Du er velkommen til våre andre arrangementer, hvis det er ledig!