For bedrifter
Bidra til Langfossløypa
Støtt utviklinga av turstien til Langfoss og gjer bedrifta dykkar synleg langs ein av Noregs vakraste naturstiar. Ved å donere til Langfoss-stien viser de engasjement for natur, berekraft og lokalsamfunn.
Kvifor donere til Langfoss-stien?
- Synlegheit : Namnet dykkar blir godt synleg langs stien.
- Styrk merkevara : Vis at bedrifta bryr seg om natur og berekraft.
- Unik profilering : Bli knytt til ei naturoppleving mange set pris på.
Vel mellom tre pakkar som passar bedrifta dykkar, og bli med på laget i dag!

10 trinn med plakett
Set dykkar spor på stien! Med denne pakken får verksemda 10 trappetrinn, saman med ei plakett som viser både firmanamn og eit valfritt bodskap. Ein flott måte å vise engasjement på, samtidig som de gjer eit varig inntrykk på alle som går forbi.

1 piknikbenk med plakett
Vær verksemda som tilbyr eit pusterom! Denne pakken inkluderer ein skreddarsydd rastebenk med ei plakett som viser firmanamn og eit valfritt bodskap. Slik vil denne benken bli ein minneverdig del av opplevinga for kvar einaste besøkande.

1 piknikbenk med plakett + 20 trinn med plakett
For verksemder som verkeleg vil gå all inn! Denne pakken kombinerer ein rastebenk og 20 trappetrinn, begge med plaketter som viser firmanamn og eit valfritt bodskap. Bidraget dykkar vil stå fram som ein sentral del av stien og vise at de bryr dykk om både naturen og fellesskapet.



